
| Bygdenæringsdagane i Stardalen 24. og 25. aprilBygdenæringsdagane i Stardalen er ei sals- og utstillingsmesse som blir arrangert kvart år i slutten av april. Årets messe går av stabelen laurdag 24. og søndag 25. april. Opningstid begge dagane: kl 12.00 - 17.00Utstillarane som kjem til Bygdenæringsdagane tilbyr eit breitt utval av produkt basert på alt frå lokale råvarer, handarbeid og gardsmat til natur- og reiseliv. Messa har også fylkets største maskinutstilling med traktorar og landbruksutstyr, og det er høve til å prøvekøyre dei nyaste traktorane frå leverandørane. Velkommen til hyggelege og inspirerande dagar i Stardalen. |
Aktivitetar for alleBygdenæringsdagane legg vekt på å ha eit underhaldnings- og aktivitetstilbod for heile familien. For dei minste tilbyr Bygdenæringsdagane gratis barnepass i Stardalen Barnehage. I tillegg til utstillingane og aktivitetane under messa, er det også gode moglegheiter til å få seg ein matbit under Bygdenæringsdagane. I Bygdetunet blir det servert middag, mens Bygdekvinnelaget står for sal av kaffi, kaker og tradisjonsmat i Haugtun. Og tradisjonen tru startar vi grillsesongen med sal av grilllmat frå grillteltet. | |
| Aktiv bygdBak Bygdenæringsdagane står eit sterkt organisasjonsliv. Heile ni ulike organisasjonar i Stardalen er med og arrangerer Bygdenæringsdagane, og i 2008 mottok Bygdenæringsdagane Tiltaksprisen frå Jølster kommune. |