Haugabreen
Haugabreen er ein del av Jostedalsbreen Nasjonalpark. Området i Haugadalen inn mot breen er eit flott turområde. Les meir om Haugabreen.
Tjovura
Ein guida tur gjennom tjovura kan vere veldig spennande. Turen startar ved foten
av ura. Du får gå gjennom opningar, holer og kanskje sjå noko til tjuvane som
budde her på 1700 talet. Vår guide vil servere deg “Fantebrygg”, noko
som skal hjelpe mot mørkreddhet og klaustrofobi, medan han fortel den utrulege
hisorien om tjuvane. Turen går vidare gjennom “Skorsteinen” og oppover til
“Katedralen”. Turen passar for alle. Les meir om Tjovura.
Jostedalsbreen Nasjonalpark
Jostedalsbreen nasjonalpark er med sine 1315 km 2 den 4. største
nasjonalparken i landet. Nasjonalparken vart oppretta i 1991 og utvida i 1998.
Jostedalsbreen er ein stor platåbre med mange brearmar og er den største breen
på fastlandet i Europa. Nasjonalparken inneheld òg mange andre mindre brear.
Les meir om nasjonalparken.
Bilete frå Stardalen
Her er fotogalleri med bilder får Stardalen. Sjå bileta her.
