Jostedalsbreen nasjonalpark er med sine 1315 km 2 den 4. største
nasjonalparken i landet. Nasjonalparken vart oppretta i 1991 og utvida i 1998.
Jostedalsbreen er ein stor platåbre med mange brearmar og er den største breen
på fastlandet i Europa. Nasjonalparken inneheld òg mange andre mindre brear.
Breane og smeltevatnet har danna ei mengde med morener og andre geologisk
interessante formasjonar. Heile området er særmerkt med dei store kontrastane
over korte avstandar frå fjordar og frodige stølsdalar til karrige fjell- og
breområde.
Sprudlande bekkar, elvar og fossar i fjellsidene og dalane kjenneteiknar
området. Nasjonalparken er eit av dei største områda med kvalifisert villmark
som er att i Sør-Noreg. Jostedalsbreen vert nytta til friluftsliv, undervisning
og forsking. Nokre av brearmane er av dei mest vitja turistattraksjonane i
Noreg. I dalane kring breen er det eit aktivt jordbruk.
Dalføra Sunndalen, Erdalen og Bødalen vart med i nasjonalparken i 1998 etter
at Stortinget gjennom Verneplan IV for vassdrag avgjorde at Stryne- og
Loenvassdraga (Breheimen-Stryn) ikkje skulle byggjast ut.
Forvaltningsplan for nasjonalparken var ferdig og godkjend (1994). Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er ansvarleg for forvaltning
av nasjonalparken, og Statens naturoppsyn (SNO) er ansvarleg for skjøtsel,
informasjon og oppsyn.
Nasjonalparksenter er Breheimsenteret, Jostedalsbreen Nasjonalparksenter og Norsk Bremuseum.

