Aktivitetar

Breføring
Ein tur på Haugabreen med førar er ei oppleving for livet. Turane tilretteleggast til ulike nivå, og kan gjennomførast av folk flest. Du opplever ei spennande ferd i naturen sitt eige kunstverk. Les meir på www.jolster-rafting.no


Jakt og fiske
Stardalen er eit godt jaktområde. Om hausten er hjortejakta den store
aktiviteten for dei fleste i dalen.
For kjøp av løyve til hjortejakt: kontakt Stardalen Hyttegrend.

Her er fleire områder som eignar seg for småviltjakt; både lirype, fjellrype og hare. Fiskekort og jaktkort: Kjøpast på Jølster Samyrkjelag på Skei.


Fjelltur
Stardalen har store moglegheitar for alle som likar å vere ute. Naturen breiar
seg utover og nærmast inviterer ein ut på tur. Dei tre side dalane til
Stardalen, Veitebergsdalen, Haugadalen og Befringsdalen har alle flott natur å
by på. Tilkomsten er god, med god veg opp i dalane. Godt brukte stiar fører opp
i fjellet og til augneblikk i urørt norsk natur som varer livet ut.

Turkart kan kjøpast på Stardalen Sommarkafe


Urvandring – «Ekstremsport for vanleg folk»
Ein guida tur gjennom tjovura kan vere veldig spennande. Turen startar ved foten
av ura. Du får gå gjennom opningar, holer og kanskje sjå noko til tjuvane som
budde her på 1700 talet.  Vår guide vil servere deg «Fantebrygg», noko
som skal hjelpe mot mørkreddhet og klaustrofobi, medan han fortel den utrulege
hisorien om tjuvane. Turen går vidare gjennom «Skorsteinen» og oppover til
«Katedralen».  Turen passar for alle. Les meir om Tjovura her.


Skiturar
Fantastisk utgangspunkt for toppturar, skiturar på Jostedalsbreen og småturar. Befringsdalen med Befringstøylen er kanskje det mest populere området.
Frå enden av bomveg ca 15min. til støylen. Er ikkje vegen open kan du gå turen på ca 1 time.

Snønipa (1827 m.o.h) er ein kjempetur om våren (kring påske og utover). Tilkomst både frå Haugadalen (lett rute) og Veitebergsdalen (krevjande rute). Turen går delvis på bre, så ein bør ha kjennskap til å ferdast i slikt terreng.

Comments are closed.